Nordic Tenors

Nordic Tenors er tilbake i Fosnavåg med sin hyllest til musikken!

Publikum får ein kveld spekka med musikalske høgdepunkt og mykje humor. Konserten er ein kombinasjon av framsyninga «Viva la Musica» som har gjesta dei store konsert- og kulturscenene i Noreg sidan 2018 og den heilt nye framsyninga som har premiere våren 2021.  “Viva la Musica» er eit spansk uttrykk, og betyr “lenge leve musikken». Musikk har vore underhaldning og terapi for oss mennesker gjennom tusenvis av år. Nordic Tenors sprudlar av song og musikkglede, og erklærer sin kjærleik til dei vakre klassiske perlene frå operaen si verd og til musikalske høgdepunkt frå pop- og visesjangeren. Tenorane sine nydelege stemmer har gitt mange gåsehud og uforgløymelege øyeblikk. Dei sjarmerande tenorane har vunne publikum sine hjarter like mykje for sine humoristiske innslag som for sine flotte stemmer. Publikum kan difor gle seg til både store musikalske opplevingar og herleg humor som vil gi lattermusklane god trim!

Nordic Tenors består av tenorane Roald Haarr, Sveinung Hølmebakk og Jan-Tore Saltnes. Dei har med seg sin eminente pianist Torgeir Koppang. Gruppa har tidlegare vunne Komiprisen, vore kongelege toastmastarar, åpna den nye operaen i Oslo og har vunne publikums hjarter over heile landet.


Billettar til Nordic Tenors

  1. Lau 24. okt kl 19:00 Konsertsalen Kjøp
Vis hele programmet
Som følge av de nye nasjonale retningslinjene for å hindre smitte av koronaviruset blir Fosnavåg konserthus stengt inntil videre og ingen forestillinger blir gjennomført.
_
_
_