Pandemic Solution

Jazztrio med smittsam speleglede!

Pianist Norvald Dahl er frå Fosnavåg og har nyleg gitt ut sitt tredje album som musikalsk leiar. Dei to siste platene er spelt inn i Fosnavåg Konserthus der Dahl har halde fleire konsertar. Under ´lockdown´ har Dahl nytta tida til å skrive ny musikk for trio og eit handplukka stjernelag av norske musikarar! Vi får høyre Dahl sine eigne komposisjonar så vel som godbitar frå den amerikanske songboka og med mykje improvisasjon.

 

Bassist Ingebrigt Håker Flaten har sidan 1995 vore ei drivande urkraft i norsk jazz. Med sitt energiske spel har han vore ein sentral del i grupper som The Thing, Atomic, Free Fall, Scorch Trio og Kornstad/Håker Flaten Duo. I 2006 flytta han til Chicago og etablerte The IHF Chicago Quintet/Sextet, og har i dei seinare åra vore busett i Texas der han etablerte Austin-bandet Young Mothers. Flaten turnérer verda rundt og har bla spelt med musikarar som Frode Gjerstad, Dave Rempis, Bobby Bradford, AALY Trio, Ken Vandermark, Stephen Gauci, Tony Malaby, Daniel Levin, Dennis Gonzalez og mange fleire.

 

Trommeslagar Håkon Mjåset Johansen har posisjonert seg som ein av dei fremste musikarane landet vårt har å by på, og blei i 2008 utpeikt som den første NTNU-jazzambassadør, ein tittel som årleg tildelast ein jazzartist eller -gruppe som "på ein fremragande måte fungerer som ambassadør for NTNU og jazzmiljøet i Trondheim." Han gjekk ut fra Jazzlinja ved NTNU i 1995 og slo tidlig igjennom med trioen Urban Connection og blei så kåra til «Årets unge jazzmusikere» i 1998. Samtidig var han medvirkande i profilerte grupper som Motif, Come Shine og Trondheim Jazz Orchestra som spelte med Chick Corea på Moldejazz i 2000. Mjåset Johansen har og spelt med store stjerner som Michael Brecker, Steve Grossman, Jan Garbarek, Mark Turner, Roger Kellaway, og Nils Petter Molvær. I 2013 vann han DnB-prisen på Kongsberg Jazzfestival.

Billettar til Pandemic Solution

  1. Søn 18. okt kl 19:00 Konsertsalen Akustisk programserie Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_