Virvelvind

Ane Bruns låtar blir teater 

BLACK FRIDAY kr 300,- (ord.: kr 430,-)


Menneske og historiar frå Ane Brun sin musikk blir levande på teaterscena. Ane Brun har sterke røter i Møre og Romsdal og har no omsett eigne låtar til dialekt; ut av desse spinn ei musikalsk framsyning om å våge å sjå livet og kjærleiken i auga. 


Fem menneske møtes for første gong på ein fest – og idet festen er på høgdepunktet slår fasadane?sprekkar og historier om kven dei eigentleg er kjem til syne. Alle med forventningar til eit liv som blei noko anna. Livet og kjærleiken, sorger og tap - dei sit fast?i noko dei vil ut av og prøver så godt dei kan å finne ein veg vidare. Kan denne kvelden vere ei?opning inn i noko nytt?? 


Ane Brun har staka ut ein heilt eigen kurs i norsk pop og blitt ein folkekjær?artist med sterk kunstnarleg visjon og tydeleg signatur. Ho er aktuell med to nye album: kritikarroste After the Great Storm og How Beauty Holds the Hand of Sorrow utgjeve hausten 2020. 
Ane Brun sine tekster gjev utspring til ei forteljing om levd liv og nye sjansar. Nina Wester har skreve manus og Simon Revholt arrangert låtane for teateret. På scena står Teatret Vårt sitt ensemble og eit band spesielt samansett for teaterframsyninga Virvelvind. 


Billettar til Virvelvind

  1. Ons 21. apr kl 19:00 Konsertsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_