1

An American Holiday with Adam Douglas

Adam Douglas inviterer til ein storslått julekonsert med eit amerikansk fokus.

NRK ba i fjor Adam om å gjere eit eksklusivt konsertopptak med amerikansk julerepertoar. I år tar han med seg ein turnetilpassa versjon ut på vegen, der han besøker konsertsalar og kyrkjer i adventstida.

Dette blir ein storslått julekonsert med eit amerikansk fokus som ligg mot et soul- og jazz-uttrykket. Det blir altså litt unorsk, samtidig som den gode varme julestemninga blir opprettholdt. Her vil tema vere vinter og jul. Det blir nokre klassiske julelåtar, samtidig som ein vil få nye versjonar av gamle hits og nokre originallåtar. Med seg på scena har han eit fantastisk band som vil sørge for å lage ei magisk stemning. Materialet blir presentert med tydelege nikk til både amerikansk storbandjazz og 60-tals soulmusikk, framført med rause doser kjærleik, akkurat kva ein slik kveld fortener!

Adam Douglas er den "ukjende" vinnaren av Stjernekamp. Men langt frå eit ubeskreve blad for dei som er interessert i blues og soul. Han har vokst opp i Oklahoma, og har budd i Chicago og Minneapolis. Han nærmast ramla inn på ei scene då han var åtte år og har sidan ikkje sett seg tilbake. Adam Douglas er ein spellemann i ordets rette forstand. Musikken hans handlar om å spele for folk. Om det som skjer på scena, og om det som skjer i møtet med publikum.

Det var først hausten 2017 at Adam Douglas skulle ta steget ut av undergrunnen og inn i dei tusen hjem. Kvar laurdag løste han nye musikalske utfordringar i Stjernekamp, og endte opp med å vinna heile konkurransen. Jula 2017 framførte han sin julekonsert med stor suksess, i fire fullstappa Nordstrand kirke på to dagar. Opptaket blei kringkasta av NRK i romjula, og viser ein moden artist med sterk formidlingsevne og speleglede.

2018 har vore eit hektisk år for Adam Douglas med konsertar over heile landet, og saman med publikum skal han denne kvelden senke skuldrane og spele jula inn.

Hjertelig velkommen til «An American Holiday with Adam Douglas»!

Billettar til An American Holiday with Adam Douglas

  1. Ons 19. des kl 19:00 Konsertsalen Les meir Utsolgt
Vis hele programmet
_
_
_