2

Arild Andersen Group

Ei ny norsk supergruppe har sett dagens lys.

Etter to suksessfulle spelejobbar på norske festivalar i 2018 (Vossajazz og Dølajazz, utseld begge stadar), bestemte meisterbassisten Arild Andersen seg for å fortsette å jobbe med dette bandet, parallelt med sin tolvårs bejubla trio.
ARILD ANDERSEN GROUP kallar han bandet, der han har valgt nokre av sine absolutt favorittmusikarar frå den yngre generasjonen:
Marius Neset, sopran- og tenorsax
Han har gjort ein kometkarriere både som saksofonist og komponist, med verk for store ensemble som London Sinfonietta, Bergens Philharmonic og KORK. Hans unike spelestil kan raskt gå frå tett og rytmisk kompleks til mjukt og inderleg vakkert.
Helge Lien, piano
Hans delikate pianospeling, som finn inspirasjon i Bill Evans lyrikk, Keith Jarretts oppfinnsomheit og Brad Mehldaus subtile uttrykk, har skaffa han internasjonal anerkjennelse. Han deltok nylig i EST Symphony-prosjektet og har gitt ut ti album med sin eigen trio.
Håkon Mjåset Johansen -trommer
har spelt mykje med Trondheim Jazzorkester, men også med Bugge, Molvær, Motif og mange andre band. Seinast med Hegge som vann Spellemannprisen i 2018
Arild Andersen sjølv
Bassisten med den varme tonen, kan verkelig kallast ein legende. Stilig, allsidig og med eit stort namn internasjonalt. Allereide i 1967 begynte han å spele med Jan Garbarek, Terje Rypdal og Jon Christensen. Dei påfølgande åra spilte han med Sonny Rollins, Don Cherry, Chick Corea, Dexter Gordon, George Russell og mange mange andre. Som ein kuriositet kan også nemnast at han i studietida også spelte fast med vår eigen Oddbjørn Blindheim. På 1980-talet starta han det legendariske bandet Masqualero med Jon Balke, Nils-Petter Molvær, Jon Christensen og Tore Brunborg. Dei siste åra inkluderer samarbeid med blant andre Pat Metheny, Joshua Redman, Makoto Ozone og Marcin Wasilewski.
Han har gitt ut 22 plater i eige namn på ECM. Heile diskografien er eit stykke jazzhistorie. Men framfor alt er han fast forankra i samtida, og hans store spel og kreativitet er kombinert med ein utsøkt teknikk. Han komponerer også fantastisk musikk, og det meste av repertoaret i Arild Andersen-gruppen består av Arilds låter. Meir info på www.arildandersen.com
Sitat frå konsertanmeldingar
”Det er ganske utrolig at en kvartett med fire individualister, fire musikere på øverste toppnivå, klarer å spille så vanvittig samstemt, som om de var en eneste felles musikalsk organisme…. Dessuten hadde vi sjefen for kvartetten, Arild Andersen, som virkelig ga sitt publikum noen magiske opplevelser på bassen, der han sto bøyd over instrumentet med et bredt smil og skuldrene litt oppheist av ren skjær begeistring.” Live Sætre, Dagningen (fra Dølajazz)
”Det kan skuldast alderen, men underteikna slit med å hugsa ein betre opningskonsert. Snakk om å setja standarden!” Nils Kvamsdal, Avisa Hordaland, Rubrik: ”Makelause Andersen” (fra Vossajazz)

Billettar til Arild Andersen Group

  1. Ons 20. mai kl 19:30 Konsertsalen Akustisk programserie Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_