Bjørgvin vokal med gjester

Bjørgvin vokal er på tur til Fosnavåg. Bergsøy blandakor, Cervix Vocales og Tolvtetten er med som gjester

Bjørgvin Vokal er eit blanda kor som vart stifta i 1952, tidligare kjent som Bjørgvin Blandakor. Vi er ein songglad gjeng med medlemmar frå heile Bergen.  Elise Thorgersen Varne er vår drivande dyktige, entusiastiske, og energiske dirigent. Repertoaret spenner frå nasjonalromantiske folketonar, via klassiske stykker, til populære svisker.

Songglede gir samhald, og vi liker og reise på tur i lag, og å invitere til konserter og korkaféar. To av medlemmane i koret (Lisbeth Berge og Tone Nerem) har vakse opp i Fonavåg og hadde veldig lyst til å ta koret med «heimatt» for å  vise bergensarane både den flotte naturen og det rike kormiljøet på Sunnmøre. Vi har hatt sommerkonsertar, julekonsertar og det siste var no i vår i Peer Gynt salen i Grieghallen der vi flørta med norsk musikk. Vi har også vore heldige og fått samarbeida med spennande gjestar som Myrna Braza, DePresno og ikkje minst Helge Jordal, som så ofte støttar opp om arrangementa våre.

No gler vi oss veldig til tur og samarbeidskonsert med disse lokale kora:

Bergsøy Blandakor, dirigent Morten Bollerud

Cervix Vocales, dirigent Øyvind Granden Berg

Tolvtetten, dirigent Unni Kvamme

 

Konserten er støtta av Olympic Kulturfond

_
_
_