2

Bjørn Eidsvåg & Sigvart Dagsland

To av landets mest folkekjære artistar legg ut på turné saman

Hausten 2019 slår to institusjonar innan norsk musikkliv seg saman då Bjørn Eidsvåg og Sigvart Dagsland legg ut på ein omfattande haustturné saman.

Dagsland og Eidsvåg har ei fartstid i bransjen på over 70 år til saman. Dei har begge opparbeidd seg unike posisjonar i norsk musikkliv og blir sett på som to av våre fremste artistar. No slår dei saman to omfangsrike låtkatalogar og publikum kan dermed vente seg ei konsertoppleving for historiebøkene. Det er duka for ein stemningsfull, oppløftande og ikkje minst gåsehud-framkallande kveld.

«Sigvart har ein av Nordens flottaste stemmer, det er ein fryd å jobbe med karen, det vankar gåsehud kvar gong. No blir det altså rikeleg med gåsehud-muligheiter i haust. Om ikkje stemmen min er så sofistikert som Sigvart sin, så hender det at den når fram. Dette gler eg meg til og for alle de som har det som Knut Arild Hareide: «..når det gjelder musikk likar eg alt frå Sigvart Dagsland til Bjørn Eidsvåg», så må jo dette vere huastens riktige valg», humrar Eidsvåg.

Dagsland ser også stort fram til å legge ut på vegen med Eidsvåg:

«Eg gler meg som ein unge til desse konsertane. Bjørn er ein av vår tids store norske formidlarar, med ein låtkatalog som kan gjere dei fleste andre grøne av misunning. Vi har ikkje heilt ulik bakgrunn, for å sei det forsiktig, og eg tenkjer at dette samarbeidet er ein historie som lenge har venta på å bli fortalt.
Og ikkje minst: Eit viktig kriterium for meg, etter å ha turnert med Karoline Krüger i fjor, var at neste samarbeidspartnar måtte vere PENARE enn henne. Og då var jo valget enkelt.»

Dagsland og Eidsvåg har begge blitt tildelt fleire prestisjetunge prisar som Prøysenprisen og fleire Spellemannprisar. Dei har gitt ut fleire titals album med store salssuksessar og utselde turnear.

Billettar til Bjørn Eidsvåg & Sigvart Dagsland

  1. Lau 2. nov kl 19:00 Konsertsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_