«BrassThonar» i Fosnavåg

Herøy brass inviterer

"BrassThonar" i Fosnavåg er konserttittelen når Herøy Brass, Hjørungavåg Brass og Ørskog Brass byd inn til flott konsert denne søndagen på Fosnavåg konserthus. Dei har då avslutta helga med fellesøving som har gitt dei inspirasjon og sosialt samvær. På konserten vil vi få høyre kvar si avdeling av desse tre brassbanda, framføre eit bredt utval av brassmusikk med intensitet, glød og kvalitet.

Vi gler oss til å spele for publikum igjen, i Fosnavåg sin flotte konsertsal denne søndagen. Vi følgjer retningslinjer og rettleiar for Covid-19. Det vert denne gongen kun plass til 200 i salen. Vær snar og kjøp deg billett.

Våre Hovudsponsorar er:
Kvadratbygg As, Fagmøbler Fosnavåg og Proton Elektro As

Vi takkar også Olympic Kulturfond for sponsing til dette arrangementet. 

_
_
_