1

Eggum og Sivertsen

Ryktet fortel at Eggum og Sivertsen har lagt nye planar, og tatt nokre nye (gitar)grep.

Forrige gong dei reiste på turné var det med stor suksess og fullsette salar over heile landet, og no har altså dei to gitarkameratane funne saman igjen, og er klare med både nye og gamle songar.

Med kjende og ukjende gullfunn i kvarandre sine skattekister, med varme og store dosar humor byr dei to på sine heilt spesielle skråblikk på verda og på kvarandre - med eit årelangt venskap i botn.
Igjen skal desse to folkekjære, men svært ulike artistane vise oss kvifor deira songar passar så godt saman, og kvifor både songane og songarane er elska av ein heil nasjon.
Dei skal vise oss korleis ein, med berre to stemmer og to gitarar, kan fylle eit konsertlokale med intens nærvær, trøkk, rungande latter og myke, magiske øyeblikk.

Duo-formatet er nakent og krevande, men Jan Eggum og Halvdan Sivertsen skapar på denne måten nærleik både til songane og til publikum.
Eggum & Sivertsen stortrivest i kvarandre sitt selskap, og no skal det norske folk igjen få sjansen til å trivast saman med dei.

Sånne er gode å ha.
Kvar gang vi møtest er det på´an igjen.

Billettsalet startar torsdag 1. november kl 1000

Billettar til Eggum og Sivertsen

  1. Tor 14. feb kl 19:30 Konsertsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_