2

Eldbjørg Hemsing & Julien Quentin

Such a beautiful sound! Eldbjørg is an excellent player, with really excellent musical instincts" Pinchas Zukerman, 2016

MYTHS & LEGENDS

Grieg Sonata no. 2 in G major, op.13
Szymanowski Myths op. 30, Three poems for violin and piano
Wieniawski Legende, op.17
Schubert Fantasy in C major, D.934

Eldbjørg Hemsing har markert seg som ein av dei mest spennande fiolinistane i sin generasjon. Sidan debuten for den norske kongefamilien som 6-åring og med Bergen filharmonien som 11-åring har ho spelt med Oslo filharmoniske orkester, Wiener Symphoniker, Zürich Chamber Orchestra, MDR Radio Symfoniorkester Leipzig, NDR Radio Symphony Orchestra Hannover, Shanghai Philharmonic Orchestra, Hong Kong Philharmonic Orchestra, RTÉ Nasjonalt Symfoniorkester Irland, Nederland Symfoniorkester, Poznan Philharmonic Orchestra, Stavanger Symfoniorkester, Trondheim Symfoniorkester og mange fleire.

Eldbjørg Hemsing er kjend for sin heilt unike tone og måten ho kommuniserer med publikum på. Ho har mottatt fleire internasjonale prisar og utmerkingar. Eldbjørg er busett i Berlin og spelar ein GB Guadagnini fiolin frå 1754, generøst utlånt frå Dextra Musica Foundation. Ho har støtte frå Göhde-stiftelsen.

Til Fosnavåg kjem ho med den franske pianisten Julien Quentin som har har etablert seg som ein allsidig musikar. Hans musikalitet kombinert med feilfri teknikk, gjer han til ein svært etterspurt pianist, både som solist og kammermusikar. Han har hatt stor suksess i Paris (Salle Cortot), Genève Konservatoriet Hall og Bargemusic i New York. Han har vore solist med Wroclaw, Qatar og Córdoba filharmoniske orkester under leiing av mellom anna Tommaso Placidi, Paul Biss og Han-Na Chang. Julien Quentin er ein ivrig kammermusikar og har samarbeidd med kunstnarar som Nicolas Altstaedt, Emanuel Axe, Lisa Batiashvili, Gautier Capuçon, Corey Cerovsek, Martin Fröst, Sol Gabetta, David Garrett, Nelson Goerner, Ilya Gringolts, Gary Hoffman, Angelika Kirchschlager, Lawrence Power, Dmitry Sitkovetsky, Sayaka Shoji, Kirill Troussov og István Várdai.

Julien Quentin er fødd i Paris og starta sin musikkutdanning på Genèves konservatorium med Alexis Golovine. I 2002 fullførte han sin Artist Diploma under veiledning av Emile Naoumoff ved Indiana University. Julien Quentin er busett i Berlin. 

Støtta av: 

_
_
_