Elise Nærø med band

Sommarfesten i Fosnavåg har på grunn av dårlege vermeldingar bestemt seg for å flytte denne konserten innandørs

Elise, kjend som lokal artist, etterspurd musikkpedagog og ikkje minst som topp 5 i The Voice 2017

Elise har med seg eit band med dei beste av hennar musikalske vener frå studietida ved Institutt for rytmisk musikk ved UiA i Kristiansand. Dei er alle utøvande musikarar i dag, og spelar med fleire kjende artistar og band.

Du kan forvente deg ein konsert med Elise og hennar band som du ikkje har høyrt maken til. Du vil være den første som høyrer hennar eigne, sjølvkomponerte låtar i ny drakt, live. Låtane blir framført med ein groove, trøkk og allsidigheit i stemmen som du til no berre har fått ein forsmak på.
Det blir garantert høg gåsehudfaktor og musikarar av høgaste kvalitet. Ein konsert prega av Elise sin store soulstemme og bandet sin nære relasjon.

_
_
_