1

Elton John Tribute: Kjetil Grodås & The Mansfield Band

Om du har ferdast i pianobarar og konserthus i vårt langstrakte land og høyrt ein som er skremande lik Elton John, har det truleg vore Kjetil Grodås.

Heilt sidan han var fem år har Honndølen studert og lytta til Elton John sitt musikalske spekter og opparbeidd seg eit namn og rykte som Elton John-tolkar det går gjetord om.

Til Fosnavåg kjem Kjetil med fullt band og koristar. Han har gjort store konsertar på mange arenaer der han m.a i 2013 og 2014 blei flydd saman med The Mansfield Band over til Omaha USA for å gjere Elton John Tribute på Midwest Medical sitt årlege event.

I tillegg har Kjetil lagt bak seg utallige konsertar i heimlandet der publikum har vore fulle av begeistring når han har dradd på seg den fargesprakande dressen og gått på scena som Elton John, enten det har vore på Smuget i Oslo, Ibsenhuset i Skien eller Notodden bluesfestival.

Når Kjetil går på scena er ingenting overlatt til det tilfeldige. Bandet er handplukka musikarar, repertoaret er fullspekka med hits. Du får ein eminent pianist og vokalist og kvelden med Kjetil Grodås The Mansfield Band blir ein garantert innertiar.

 

Billettar til Elton John Tribute: Kjetil Grodås & The Mansfield Band

Vis hele programmet
_
_
_