2

Emilie Nicolas

tilbake med full musikalsk kraft

Emilie Nicolas blei for alvor lagt merke til då ho slapp debutsingelen "Pstereo" i 2013. Kort tid etter fulgte albumdebuten Like I'm a warrior (2014).  Albumet gjekk til topps på VG - lista, blei kåra til årets beste norske album av Aftenposten og Emilie henta heim to Spelemannprisar, i kategoriane "Årets nykommer" og "Årets popsolist". Bortsett frå debutsingelen, er alle låtane på albumet skreve og co-produsert av Emilie sjølv og vitnar om eit bredt spekter av inspirasjonskilder. Emilie er både pop, R&B og elektronika – servert med jazzen sin følsemd.

I kjølvatnet av eit vellukka albumslepp, turnerte ho både i Noreg og Europa. Med sitt unike tekstunivers, sin teft for melodiar og fengslande nærvær tok ho publikum med storm og blei av mange omtalt som eit av våre aller fremste og mest spennande pophåp. 

Så blei det stille frå Emilie. Som følgje av sjukdom blei ho nødt til å ta ein pause frå musikk og rampelys – heilt til 2017. Då ho i januar slapp singelen "Sky", trilla NRK P3 til seks på terningen og slo fast at:

"Låten er ei crisp og mektig popelektronisk perle og den minnar oss på kvifor Nicolas imponerte så veldig då vi først blei kjent med henne."

No er Emilie endeleg tilbake med full musikalsk kraft. I mai 2018 slapp ho albumet Tranquille Emile til strålande mottaking. 23. november 2018 tok ho det nye låtmaterialet til scenen for første gong, på ei utseld Sentrum Scene i Oslo. No er det klart for nye konsertar. Hausten 2019 tar ho med seg bandet sitt til eit utval norske scener. Det er så avgjort duka for nok eit spennande og innhaldsrikt år for både nye  og gamle Emilie Nicolas-fans.

Billettar til Emilie Nicolas

  1. Tor 17. okt kl 19:30 Konsertsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_