1

En handelsreisendes død

Eit oppgjer med den amerikanske draumen

Ein handelsreisandes død av Arthur Miller har vorte kåra til det viktigaste teaterstykket i siste hundreåret. Handelsmannen Willy Loman drøymer om å oppnå respekt og suksess, men etter eit langt arbeidsliv endar han opp med å ha det betre i løgna enn i røynda.

Willy Loman har alltid kjend seg som kongen på landevegen. No er det som om bilen er i ferd med å skli ut og køyra av vegen. Eit langt liv som handelsreisande har gjort Willy trøytt. Skikkeleg trøytt. Willy har arbeidd hardt for å få heile pakka. Kone, to flotte gutar, hus og bil. Den eldste sonen hans var til og med fotballkaptein på skulen.

Men verda er i endring og den nye sjefen forstår ikkje Willy. Då den vaksne sonen, Biff, dukkar opp som desillusjonert omstreifar, vert det dropen som får begeret til å flyta over.

I Willy Loman sitt indre oppgjer blandar fantasiar seg med attendeblikk på livet med Linda og sønene. Vanlege liv med vanlege draumar. Han skjønar det ikkje. Er premien på livsforsikringa hans det beste han kan gje familien sin? Korleis kan det ha seg at ein arbeider hardt eit heilt liv, berre for å enda opp med å vera meir verd død enn levande?

Ein seier at Ein handelsreisandes død er for amerikanarane det Peer Gynt er for nordmenn. I rolla som Willy Loman møter me Per Egil Aske, kjend frå Driving Miles og Maratondansen

 Av Arthur Miller
Oversettelse Michael Evans
Regi Christoffer Berdal
Scenografi Thomas Bjørnager
Lysdesign Finn Landsperg
Medvirkende Per Egil Aske, Johanna Mørck, Lars Melsæter Rydjord, Kasper Skovli Botnen, Sara Fellman, Hugo Mikal Skår, Bjørnar Lisether Teigen, Terje Hartviksen. 
Forlag Nordiska Teaterforlag 

Billettar til En handelsreisendes død

  1. Mån 4. feb kl 12:45 Konsertsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_