1

Eva Weel Skram

Dei siste par åra har Eva Weel Skram for alvor tatt steget opp til å bli ein av landets aller mest folkekjære artistar. No kjem ho til Fosnavåg for tredje gong!

Heilt sidan Eva begynte å synge på morsmålet etter deltakinga i ”Hver gang vi møtes”, har det gått slag i slag for Sogndalsjenta.

Høgdepunkta frå dei siste åra er mange.
”Selmas Sang” var temalåt for NRK si storsatsing Snøfall, og Eva si framføring av den vakre singelen ”Berre la meg vær” på NRK Lindmo var gripande og personleg, og traff publikum rett i hjartet. Utselde hus i Operaen og Sentrum Scene i Oslo, Grieghallen i Bergen, Olavshallen i Trondheim og utallige festivalspelingar har opna augene til publikum rundt om i landet, som vender tilbake gong på gong.

Singlar som ”Hold meg” og den aller nyaste ”Om du vil” har blitt lagt til rekka av tidlegare hits frå ”Hver gang vi møtes” og Eva & The Heartmaker.

Det er berre å gle seg til nye høgdepunkt frå heile Noreg si Eva Weel Skram.

Billettar til Eva Weel Skram

  1. Tor 7. feb kl 19:30 Konsertsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_