Festpremiere: Downton Abbey

Endelig er den her - og vi inviterer fest!

Vi pussar sølvet, finn fram finstasen og inviterer til grandios premierefest når Downton Abbey endelig kjem som film på det store lerretet! Arrangementet startar kl. 17.30 og filmen startar kl. 18.30. Vi røper ikkje planene våre på forhånd, men vi kan hinte om at det er lov å pynte seg litt, at det vil bli servering i forkant av filmen og det vil foregå i konsertsalen.

Filmen utspelar seg i tidsrommet 1927 til 1929 og denne gongen får Downton Abbey besøk av sjølvaste Kong George V og Dronning Mary. Det kongelige besøket set heile huset på hovudet, og bringer ei rekkje konflikter og forviklingar til overflata.

_
_
_