1

Filmaften med Herøy Janitsjar og Elise Nærø

Herøy Janitsjar byr på snasen musikk frå kjende og kjære filmar frå dei siste sju tiåra.

Det blir gjenhør med tittellåtar frå mellom anna «Indiana Jones», «How To Train Your Dragon», «Titanic», «Lion King» og «Så som i himmelen». Under dirigent Marianne K. Giske byr korpset på god janitsjarklang og fine instrumetale soloar.

Det er ei stor ære og glede å få presentere kveldens vokalsolist Elise Nærø. Denne store stemma er etterkvart godt kjent i heile Norge, og sjølvsagt svært verdsett i lokalsamfunnet der ho har sin base.
Elise jobbar som artist, låtskrivar og frilans songpedagog. Hausten 2017 deltok ho i "The Voice - Norges beste stemme" og song seg heile vegen til semifinalen. Ho var den siste fra sitt lag til å forlate konkurransen og vart omtalt av mentorane Martin og Yosef som ein av Norges desidert beste stemmer.

I mai 2018 slapp ho sin første singel som soloartist «This Is So You». Singelen blei framført for fyrste gong som opningsnummer på boksestevnet «This Is Oslo». Dette vart streama direkte på VGnett og publikum i heile Europa fulgte med. Det siste året har Elise spelt konsertar med og uten band for fulle hus på vest-, øst- og sørlandet. No jobbar ho mot utgivelse av meir musikk i 2019.

Elise vil synge nokre av dei vakraste låtane frå filmens verden. Det blir ein stor opplevelse både for Herøy Janitsjar og publikum. Vi har også fått Øyvind Granden Berg til synge ein duett i lag med Elise, i tillegg til eit nummer åleine i lag med orkesteret.

Vi gler oss :-)

Billettar til Filmaften med Herøy Janitsjar og Elise Nærø

Vis hele programmet
_
_
_