Frida Ånnevik

Frida Ånnevik frå Ridabu utanfor Hamar har etablert seg som ei viktig stemme på norsk i vårt musikklandskap.

Med fire utgjevingar bak seg har Frida hausta lovord og gode kritikkar, og ikkje minst gjort seg fortent til tre spellemannprisar, side om side med sterke namn som Stein Torleif Bjella, Kari Bremnes og Ole Paus for å nemne nokre. Fleire singlar der Frida har kledd songane i ny drakt med sin norske tekst har blitt slept i 2019.
«Andre sanger» er eit plateprosjekt som har blitt til over fleire år. Det er ei coverplate med songar frå eit vidt spenn av artistar og låtskrivarar: det er songar eg har sneke inn som ekstranummer i konsertane mine, det er songar frå mine førebilete, trøystesongar til meg sjølv og songar som eg har lurt på korleis ville høyrast ut på norsk.
Så fekk eg lyst til å spele dei inn.

Eg har gjendikta songane til artistar som Joni Mitchell, Spice Girls, og Janis Ian. Dette har vore eit slags sidespor, eit skriveprosjekt som eg har brukt til å utvikle meg vidare som låtskrivar. Etter søsterplate-prosjektet «Her bor»/ «Flyge fra» som kom i 2016 og 2017, hadde eg behov for å fundere og gruble litt før eg gjøyv laus på nytt soloalbum med heilt nye låtar. Ved å gjendikte og synge andre sine songar opplever eg at eg får utvikla meg vidare og samtidig kvile litt i andres melodiar.
Frida, Haldor og Andreas gir deg gåsehud med nye gjendikta songar, og med nydelege versjonar av låtar frå tidlregare utgjevingar: «Eg vil også ta med andre songar frå dei forrige platene. Noko frå førsteplata Synlige hjerteslag - kanskje Gjennomtrekk? Kanskje A til Å, for den er Haldor så glad i, og Du må tru på vår, det hemmelege sporet på Flyge fra.»

Billettar til Frida Ånnevik

  1. Tor 5. mar kl 19:30 Konsertsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_