5

Frikar: GotoGuta

Fysisk trio om kroppskontakt og gruppedynamikk mellom gutar

Akrobatikkalarm! FRIKAR er tilbake med ny, spenstig framsyning! Kva fordreiv dei tida med før mobilen kom? Kva gjorde budeiene når gutane var i bygda og gutane når jentene var i fjøset? Kva gjorde kjedelege stunder til kreative stunder? I Gotoguta, som tyder gutar frå ei «goto», får du hallingversjonen av «Backstreet boys» ... og slik oppstod «hulling». 

GotoGuta er ein leik med tradisjonar og konvensjonar mellom tre av dei flottaste tradisjonsdansarane vi har i Noreg, og hardingfelemusikar som medverkar aktivt på scena.

Framsyninga formidlar danseglede og briljerar med imponerande og krevjande moment i hallingdansen. I tillegg vises ei meir øm side enn kva ein forventar av den tradisjonelle folkedansen.

Framsyninga utfordrar konvensjonane rundt mannleg fysisk samhandling som hindringane i forhold til nær fysisk kontakt, ein nedarva angst og klønetheit mellom menn. Dette innbyr til lett komikk og muligheiten for å kjenne seg igjen.

Billettar til Frikar: GotoGuta

  1. Mån 4. nov kl 19:00 Konsertsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_