2

Gisle Børge Styve trio

Musikken er melodisk, vakker og groovy, med trestemte koringer og variert instrumentering.

I sentrum står Gisle Børge Styve sin varme vokal og leikne piano, saman med Per Willy Aaserud på trompet og Helge Harstad på bass. Trioen sine spennande musikalske arrangement gir også plass til fiolinar, vinglass, klokkespel, perkusjon og slide-bass! Samspelgleda er stor, trioen kosar vettet av seg og det smittar fort over på publikum. Det stadig veksande publikummet reiser alltid heim etter konsertane med eit smil om munnen og fløyel om hjartet. Ein konsert med trioen blir ofte omtalt som ”rein terapi av absolutt høgaste karakter”, og publikum får høve til å både le og gråte.

Gisle Børge Styve Trio har eksistert sidan 1998. Dei ga i 2002 ut plata “Styves Ark”, som blei spelt inn live ein heilt ordinær handlelaurdag i ein bokhandel på Majorstua. I den same butikken hadde dei sin musikalske utviklingsplass og leikestue 30-40 ganger i året, til stor glede for kundar og tilsette. Etter kvart blei det mange opptredenar over heile landet, på festivalar, klubbar og lukka arrangement. Hausten 2012 ga dei ut plate nummer to, «Here right now», og det var tre opprømte og spente musikantar som presenterte sitt nye «verk». Dei siste åra har dei jobba med eit større og ganske ambisiøst plateprosjekt, som dei enno ikkje har fått høve til å presentere. Men snart …?

Gisle Børge Styve Trio består av: Gisle Børge Styve – vokal, piano med meir. Fødd 20.februar 1970, oppvokst i Førde, bur i Tønsberg. Han har jobba som utøvande musikar sidan ca. 1993. Utdanna ved jazz/pop/rock-linja på Norges Musikkhøgskole. Helge Harstad – bass og kor. Fødd 24. desember 1969. Er freelance-musikar, Oslo-utdanna cand.philol. ved Universitetet i Oslo, med musikk som hovudfag. Spelar fast med Gisle Børge Styve-trio. Per Willy Aaserud – trompet, kor og litt meir. Har jobba som utøvande scene- og studiomusikar siden 1991, hovudsaklig innan genrene jazz, pop, rock, afrocubansk og ulike improvisasjonsformar.

Billettar til Gisle Børge Styve trio

  1. Fre 18. jan kl 19:30 Konsertsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_