Gløymde Fotefar - Viser frå Eidsdal

Det er duka for stemningsfull visemusikk når vokalist og trompetist Ole Jørn Myklebust frå Eidsdal besøker oss under sin turné ”Gløymde fotefar”. Ariell Longva deltek i duettar med Ole Jørn

Vokalist og trompetist Ole Jørn Myklebust er mest kjend frå sitt lange samarbeid med Mari Boine og Jonas Fjeld, samt ei rekke eigne soloalbum og musikkprosjekt for teater, tv og film. I fjor gav han ut den kritikarroste viseplata «Gløymde fotefar – Viser frå Eidsdal». Her har han tonesett dikt av Arne O. Storås frå Eidsdal på Sunnmøre, som og er heimbygda til Myklebust. Det var ønsket om å løfte fram Storås’ lyrikk som var utgangspunktet for plata – som har fått nasjonal merksemd og no skal ut på turné.

 Eit lokalt fyrtårn

– Arne O. Storås var eit lokalt fyrtårn. Han var og ein gardbrukar, noko som gjennomsyra lyrikken hans. Dikta skildra respekten og kjærleiken til naturen på ein unik måte, og han skildra menneskelege relasjonar og etterkrigslivet i ei lita bygd – på godt og vondt, fortel Myklebust.

Musikaren har fått ei rekke prisar og medvirka på over 150 album, noko som har gitt ham mykje merksemd gjennom åra. Det er han lei seg for at sambygdingen Storås ikkje fekk. Berre ein liten del av hans omfattande diktarverk er utgitt, og Storås hadde lita tru på seg sjølv som diktar, ifølge Myklebust.

– Ein gong tok han likevel mot til seg og sendte store delar av samlinga til ein kjent forfattar for å få den vurdert. Diverre rota forfattaren bort manuskripta, og svært mye gjekk tapt. Etter Arne O. Storås sin død samla familien det dei klarte å finne, fortel Myklebust.

Musikaren fekk tilgong til materialet i 1996, og fikk raskt ideen om å tonesetje delar av det for å bidra til at diktaren vart kjend for fleire. Det skulle gå 20 år før plata vart ferdig. Sommaren 2016 vart musikken innspelt på heimgarden til Myklebust i Eidsdal, saman med produsent og bassist Svein Schultz og gitarist Tore Bruvoll. Resultatet vart eit lyrisk og svært stemningsfullt album, som vart svært godt mottatt både blant publikum og presse. 

Dyktige medmusikarar

Med seg på turneen har Myklebust strengmagikaren Tore Bruvoll, kjend frå bandet Hekla Stålstrenga og samarbeid med til dømes Sondre Bratland, Annbjørg Lien og Ola Bremnes. Bruvoll vil traktere både elektriske og akustiske gitarar, samt pedal steel, banjo og mandolin.

Vi får og møte bassist Svein Schultz, som først og fremst er ein av dei fremste og mest respekterte produsentane her til lands. Han har produsert platene til artistar som Ole Edvard Antonsen, Mari Boine og Guren Hagen, og skrive musikk til ei rekke filmar, som til dømes Kautokeino-opprøret. 

Ole Jørn Myklebust lovar ein konsert med mykje stemning og humor, vakre viser og historier frå heimbygda. Trioen vil også spele musikk frå eit nytt album med tekstar av Storås, som skal spelast inn i august 2018.

Billettar til Gløymde Fotefar - Viser frå Eidsdal

  1. Fre 4. mai kl 19:00 Konsertsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_