1

Great Garlic Girls - Xmas Las Vegas

En skandinavisk sensasjon som har opptrådt over hele Europa og i USA.

Great Garlic Girls er ein unik kombinasjon av musikk, dans, cabaret og teater. Showet inneheld topp humor og fantastiske parodiar, og med kostymer som tar pusten frå dei fleste, er dette eit show du ikkje vil gå glipp av. 

Terje Schrøder er still-going-strong i Great Garlic Girls. Han kom med i 1984, tre år etter at hvitløksjentene blei eit nytt bekjentskap for nordmenn.
Kvifor “Garlic”? Vel, hvitløk er som kjent eit afrodisiakum og hyppig brukt over heile verda. Great Garlic Girls kan ein så absolutt sei er eit “krydder” utanom det vanlege innan showbiz.
Great Garlic Girls har hatt enorm suksess i åras løp, inkludert egne tv-show og deltatt i den høgt anerkjente Montreux TV festivalen i Sveits. Dei har også vore med i Melodi Grand Prix, og deltatt i mangfoldige tv-show i dei fleste riksdekkande tv-kanalane i Noreg. Great Garlic Girls har til og med lagt New York for sine føter med sitt show “The Ultimate Experiance”. Showet gjorde stor suksess og fekk overskrifter i aviser som “The Daily news” og “New York Post”.

Great Garlic Girls sitt varemerke er humor og parodiar. Dei har ein unik evne til å parodiere kjende artistar og personar, og ikkje minst utføre dette med hurtigskift av kostymer som tar pusten frå dei fleste. Kjende parodiar er mellom anna Tina Turner, Diana Ross, Madonna, Miriam Makeba, Cher, Whitney Houston, Anastacia, Kylie Minogue, Kronprinsesse Mette Marit, Prinsesse Martha Louise …og mange fleir.
The Great Garlic Girls gir deg ein humoristisk og spektakulær oppleving du sjeldan har sett maken til.

_
_
_