Grzegorz Niemczuk - meisterverk frå Polen og Noreg

Den polske mesterpianisten Greg Niemczuk tilbake i Fosnavåg konserthus

Den polske stjernepianisten Greg Niemczuk trenger vel knapt nokon nærare presentasjon for konsertpublikummet i Herøy. Han har gjesta Fosnavåg konserthus to år på rad og kvar gong har denne usedvanlege dyktige pianisten skapt slik begeistring og entusiasme at Herøy-publikummet nærast har krevd å få han tilbake. Og no er han her igjen!

Denne gongen har Greg vald eit program med musikkstykker frå dei to landa som betyr mest for han: Polen og Noreg. Programmet heiter «Mesterverk frå Polen og Noreg – ei musikalsk reise». Og programmet inneheld eit knippe av dei mest populære og mest kjende klaverstykkene frå hans to «heimland». Vi får m.a. høyre «Holberg-suiten» og fleire av dei vakraste lyriske stykka av Edvard Grieg, nokturner og poloneser av Chopin, «Kjempeviseslåtten» av Sæverud, den kjende menuetten av Paderewski og den morsomme «Hardingøl» av Geirr Tveit.

Overalt der Greg spelar blir han invitert tilbake. Hovedgrunnen er naturlegvis at han er ein svært dyktig pianist, men også fordi han er så hyggelig: vennleg, åpen, utadvendt, alltid smilande, begeistra, glad i mennesker, beskjeden og takknemleg for alt – elska og høgt respektert overalt han kjem.

Greg Niemczuk har heile verda som arena. Han spelar i alle verdsdelar – spesielt mykje i Japan, Kina og Sør-Amerika - og i de fleste europeiske land. Og kvart år er han på fleire turnéar i Noreg. Under årets vårturné vil han halde 15 konsertar og gjeste mange byar og tettsteder på Vestlandet. Dette viser at Greg Niemczuk får stadig større fotfeste i Noreg.

Billettar til Grzegorz Niemczuk - meisterverk frå Polen og Noreg

  1. Søn 3. mai kl 18:00 Konsertsalen Akustisk programserie Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_