Håvard Gimse

Vi gler oss til nok ein gong få oppleve Håvard Gimse på flygelet han sjølv plukka ut i 2014

Franz Schubert
Pianisten Håvard Gimse tilbyr eit spennande konsertkonsept der han spelar nokre av Franz Schuberts mest berømte pianostykker, fletta med historier om Schuberts eventyrlige og alt for korte liv, som endte då han berre var 31 år gamal. Sist Gimse var på turnè i Noreg, opplevde publikum ei tilsvarande reise i Beethovens liv, som slutta med at den relativt ukjende, unge Franz Schubert var med å bære meisteren si kiste under gravferda i Wien i 1827. Schubert drøymde om å bli gravlagt ved sidan av sin store helt, eit ønske han fikk oppfylt allereide eitt år seinare. Programmet inneheld nokon av Schuberts mest kjende klaverstykker; utvalde Impromptus, Moments Musicaux, sangarrangement og Ländler, og ikkje minst Schuberts berømte Sonate i B-dur, som han skreiv heilt mot slutten av sitt liv. 

Håvard Gimse har etablert seg som ein av Noregs fremste musikarar med eit ekspansivt repertoar som femnar over 30 framførte pianokonsertar. Han er ettertrakta både som solist og som kammermusikar.

Etter sin diplomeksamen ved Hochschule der Künste Berlin under Hans Leygraf i 1995 fortsatte han sine studiar med professor Jiri Hlinka i Noreg. I 1987 mottok Håvard førsteprisen i Jugend Misiziert Competition,og sidan har han mottatt ei rekke av dei mest prestisjetunge prisane i Noreg og Skandinavia, blant anna Steinwayprisen i 1995, Griegprisen i 1996 og Sibeliusprisen i 2004. Under Festspillene i Bergen i 2011 blei han saman med Truls Mørk tildelt Kritikerprisen for si framføring av Beethovens samla cellosonater.

Håvard Gimse sin forkjærlighet for skandinavisk og norsk klassisk musikk har gjort han til ein av dei mest innflytelsesrike artistar på denne arenaen. Gjennom sitt arbeid med å fremme mindre kjend musikk frå denne regionen har han hausta gode kritikkar. Han har mottatt både Sibelius og Grieg Prisen for sine interpretasjonar, og prisar frå Diapson og Gramophone Chritics Choice.

Som konserterande pianist har Håvard gjort omfattande turnear i Skandinavia, og spelt med orkestre som Stockholm Filharmoniske Orkester, Oslo- og Bergen Filharmoniske orkestre, Finske Radio, Århus Symfoniorkester og Norrkøping Symfoniske Orkester. Vidare har han gjesta Baltimore og Birmingham Symphony Orchestras, Royal Philharmonic Orchestra og Royal Liverpool Philharmonic Orchestras, Japan Philharmonic Orchestra, Tokyo Symphony Orchestra, Prague Symphony, Frankfurt Radio og Konzerthausorchester Berlin og Belgian National Philharmonic Orchestras. Her i Noreg gjorde Håvard Gimse nyleg stor suksess med Rachmaninovs 3. klaverkonsert med Oslo Filharmoniske Orkester i 2015. Sesongen 2015-2016 gjennomfører han ein ekstensiv Norges-turne med ein heilaften Beethoven-konsertforestilling. Vår-sesongen 2016 inkluderer m.a. Festspillene i Bergen, konsertar ved den Norske Opera og solo-oppdrag med Gøteborg Symfoniker.

Håvard Gimse har gitt konsertar på mange av verdas mest prestisjetunge konsertscener.
Som kammermusikar gjestar han jevnlig Wigmore Hall, der han spelar fleire konsertar inneværande år. Lista over andre konsertscener han har gjesta inkluderer Carnegie Hall (New York), Palais des Beaux Arts (Brüssel), og Concertgebouw (Amsterdam). Nylege soloopptredener inkluderer the Recital Hall i St. Petersburg, Suk Hall i Praha, og Konzerthaus i Berlin. Av kammermusikk kan nemnast samspel med Truls Mørk i ei årrekke, med fleire turnèar m.a. til USA, Japan og Italia. Berlin Konzerthaus og Carnegie Hall med Tine Thing Helseth kan også nemnast, samt nylege konsertopptredenar i Beethovenhaus Bonn med Alina Pogostkina og Wigmore Hall med Marianne Thorsen.

Gjennom samarbeid med andre musikarar, skodespelarar og andre kunstnarar har Håvard utvikla fleire suksessfulle og etterspurte konsertkonsept. Her kan blant anna nemnast hans samarbeid med Arve Tellefsen i høve Ole Bull sin 200-årsdag, og hans forestilling med skodespelar Lise Fjeldstad som presenterer klavermusikk og poesi under ulike tema. Håvard var tidlegare kunstnarleg leiar for Festspillene i Elverum og sit i dag i styret for Oslo Kammermusikkfestival. Han er ein svært ettertrakta festivalmusikar både for sine soloprestasjonar og sine kammermusikalske evner, og han er jevnlig gjest ved dei norske musikkfestivalane, så som Festspillene i Bergen og kammermusikkfestivalene i Trondheim, Risør, Stavanger og Oslo.

Håvard er professor ved Norges Musikkhøyskole, og gir i tillegg jevnlige masterclasser i inn- og utland.

_
_
_