1

Hanne & Tre Tenorer ….og et stjerneskudd!

Hanne Krogh er tilbake med sin julekonsert og Tolvtetten er med som lokalt kor

I år er det 10 år sidan Hanne Krogh lanserte sin originale juleturne-ide med å la nasjonen sine største stemmer fritt og storslagent boltre seg i musikkens store klassikarar og vakre julesongar. Kombinert med varm, klok og slagferdig formidling av julebodskapet, har Hanne & Tre Tenorer utvikla seg til å bli blant ein av norsk kulturliv sine største suksesser. Jubileet blir feira med originalbesetninga, tre av våre fremste operatenorar gjennom alle tider, og årets musikalske stjerneskot, formidable Anna-Lisa Kumoji.
Anmeldarane sine seksarar har falt tett som snøkrystallar over dette ensemblet, og både publikum og presse har henta fram dei heilt store orda: «Den perfekte julekonserten», «Tidenes beste julekonsert», eller då Fædrelandsvennen grunngav sin seksar med: "«Hanne Krogh gav oss julekonserten alle andre julekonserter vil måles etter.»
Til jul kan publikum oppleve eit nytt show der sangprestasjonar i verdsklasse blir kombinert med humor og moro.


Artistar: Hanne Krogh.
Thomas Ruud, Statsooper Stuttgart og Statsooper Hannover, hovudroller over heile verda, seinast i Singapore og Bangkok.
Jan Erik Fillan, ein av dei fremste tenorane i landet med roller på dei store operascenene og i tillegg ein fantastisk musikal, pop og croonersongar
Nils Harald Sødal, solist på Den Norske Opera, hovudroller på blant andre europeiske operaer, Semperoper, Dresden.
Anna-Lisa Komuji sjokkerte ein samla musikkbransje då ho i TV-programmet "All Toghether Now" sang med eit trøkk som ville gjort sjølv Tina Turner misunneleg. Anna-Lisa er internasjonal musikal-songar og reiser på juleturne direkte frå rolle i musikalen «The Book of Mormon».

Musikarar: Stein Austrud, kapellmester, keyboards, perkusjon + +.
Tarjei Nysted, fioliner, nøkkelharpe, perkusjon.
Stig Espen Hundsnes, trompeter, irske blikkfløyter, perkusjon.

Kor: Tolvtetten

Regi: Johan Osuldsen, Hanne Krogh, Stein Austrud.

Arrangør: HK Prod. AS. Produsent:  Trygve Sundbø

_
_
_