Hel ved - Historien om Morten Schakenda

Dokumentaren om Morten Schakenda er ei sterk reise gjennom barndom, arbeidsliv og sjukdom.

I Fosnavåg vil Morten Schakenda vere tilstade og presentere filmen. Etter filmen blir det mingling og kanelsnurrar frå Lom. Vel møtt!

Morten har gjort stor suksess på kokkelandslag, starta fleire restaurantar og ikkje minst Bakeriet i Lom som er kjend i heile Noreg for sine kanelsnurrar. Morten har dei siste 9 åra hatt ei alvorleg kreftdiagnose. Til tross for dette utviklar han bakeriet som før. Han har ein eineståande personligheit og ei raushet utan make. Filmen viser eit menneske som gjennom sitt gode vesen er eit førebilete for mange. Filmen er produsert av Clair Obscur ved Jannicke Tolfsen og Samy El Mekkaoui. Musikk er skrevet blant anna av Odd Magne Myre og Eileen Simonsen.

_
_
_