1

Hellbillies – 30 år på vegen

ein institusjon i norsk kulturliv

Hellbillies må kunne kallast ein institusjon i norsk kulturliv, og i 2020 vil bandet markere sine første 30 år med ein stor jubileumsturné.

I løpet av vinteren, våren og hausten vil dei besøke alle dei største kulturhusa i landet. Tanken med denne spesielle konsertturnéen er å kunne møte sitt trofaste publikum, for saman å sjå tilbake på dei 30 åra som har gått, og kanskje også kaste eit lite blikk framover ved å presentere noko nytt materiale.

I løpet av sine 30 år på vegen har Hellbillies vore ein stødig leverandør av perler til den norske sangskatten, samtidig som dei har opparbeidd seg ein status som eit av vår tids mest vitale rockeband. Denne konserten er for eit sittande og lyttande publikum, og vil ha ein akustisk og ein elektrisk avdeling. Bandet gler seg veldig til å kunne møte sitt publikum på denne måten.

Billettar til Hellbillies – 30 år på vegen

  1. Tor 27. feb kl 19:30 Konsertsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_