Hellbillies flyttar innandørs

Vi tek med oss Hellbillies og flyttar inn på Konserthuset. Det er meldingar om sterk vind som er årsaka til at vi flyttar konserten.

Hadde du lyst på Hellbillies konsert, men var uroa for regn og vind?
Fortvil ikkje, no har du sjansen! Vi tek med oss Hellbillies og flyttar inn på Konserthuset. Vi kjører inn amfiet og inviterer til ståande konsert i tillegg det faste amfiet bakerst som tar ca 240. Totalt kan vi få plass til 700-800. Vi garanterer god temperatur og stemning! Alle som har kjøpt billett kan bruke den på konserthuset. Har du i tillegg kjøpt billett til transport vil du få dei refundert ved inngangen

Etter over 25 år på vegen har Hellbillies velfortent fått status som eit av landets aller beste live-band. Då bandet slapp sitt nyaste album ”Søvnlaus”, var det til unison strålande mottaking. Etter den første konserten på slippturnéen meinte Drammens Tidende sin anmeldar at bandet aldri hadde vore betre.

Hellbillies har underholdt publikum i kvar lille krok i Noreg sidan 1990. Dei har spelt over 1600 konserter og haustar framleis fantastiske tilbakemeldingar frå kritikarar og publikum.

Hellbillies har seld rett i underkant av ein million album og får stadig større fanskare. Anført av brødrene Aslag og Lars Håvard Haugen har bandet ein energi og rutine som er få forunt.

”Aslag Haugen og resten av Hellbillies syng om 20 år på vegen, men sanninga er at over 25 år på landevegen og på landets mange, mange konsertscener har gjort at Hellbillies i dag er eit velsmurt og dønn rutinert maskineri som pussig nok framleis meistrer kunsten å overraske.”
Oppland Arbeiderblad

Hellbillies anno 2018 er betre enn nokonsinne!

Transport
Herøy Amfi ligg på øya Herøy som er landfast med ei lita bru. Herøy Amfi er yst ute på øya med utsikt vestover mot storhavet. For dei som ikkje kjem seg til øya til fots, med sykkel eller eigen båt blir det satt opp båt- og busstransport frå Mjølstadneset og busstransport frå Indre Herøy ungdomsskule frå kl 1830. Deretter går transporten i skyttel. Transporten kostar kr 50,- 

_
_
_