Hellbillies på Herøy amfi

Etter over 25 år på vegen har Hellbillies velfortent fått status som eit av landets aller beste live-band. No kan du oppleve dei på vakre Herøy amfi

Då bandet slapp sitt nyaste album ”Søvnlaus”, var det til unison strålande mottaking. Etter den første konserten på slippturnéen meinte Drammens Tidende sin anmeldar at bandet aldri hadde vore betre.

Hellbillies har underholdt publikum i kvar lille krok i Noreg sidan 1990. Dei har spelt over 1600 konserter og haustar framleis fantastiske tilbakemeldingar frå kritikarar og publikum.

Hellbillies har seld rett i underkant av ein million album og får stadig større fanskare. Anført av brødrene Aslag og Lars Håvard Haugen har bandet ein energi og rutine som er få forunt.

”Aslag Haugen og resten av Hellbillies syng om 20 år på vegen, men sanninga er at over 25 år på landevegen og på landets mange, mange konsertscener har gjort at Hellbillies i dag er eit velsmurt og dønn rutinert maskineri som pussig nok framleis meistrer kunsten å overraske.”
Oppland Arbeiderblad

Hellbillies anno 2018 er betre enn nokonsinne!

Transport
Herøy Amfi ligg på øya Herøy som er landfast med ei lita bru. Herøy Amfi er yst ute på øya med utsikt vestover mot storhavet. For dei som ikkje kjem seg til øya til fots, med sykkel eller eigen båt blir det satt opp båt- og busstransport frå Mjølstadneset og busstransport frå Stoksund frå kl 1900. Deretter går transporten i skyttel. Transporten kostar kr 50,- 

Billettar til Hellbillies på Herøy amfi

  1. Fre 10. aug kl 21:00 Uteamfi på Herøy Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_