2

Holum Trio

Først fotballkamp på stort lerret, deretter konsert

Holum trio inviterer i samarbeid med Thon hotell og Fosnavåg konserthus til konsert som startar med visning av storkampen mellom Manchester United og Liverpool. Thon hotell tilbyr burgermeny med passande drikke til. Konserten startar etter at kampen er over.

Holum Trio spelar ærlig og utadvendt improvisasjonsmusikk forankra i sterke komposisjonar. Sidan starten i 2011 har trioen spelt over 70 konsertar i inn og utland og held stadig eit høgt aktivitetsnivå.

Bandet utforskar krysninga mellom improvisasjonsmusikk og meloditeften i moderne pop. Dette resulterer i musikk som er utadvendt og tilgjengelig, framsynt og open. Med ei særeigen instrumentsamansetning der musikarane gjev rom for melodiske og dynamiske klangflater og vågar å la ein enkel melodi skape spenning, skapar trioen ny norsk og særeigen jazzmusikk.

I januar 2015 ga dei ut si første plate «Heim» på NORCD. Der denne plata er inspirert av Sunnmøres dynamiske natur og nostalgi og heimlengsel, søker deira nye låtmateriale utover landegrensene. Sidan den første plata har dei møtt mange nye kulturar og musikalske uttrykk på sine reiser og studier, og ønsker å implementere dette i sin musikk.

Plata «Borte» kjem på AMP Music 1.februar 2019 og fokuserer på trioen si musikalske reise sidan den første plata. Lyden av afrikanske rytmer, arabisk tonalitet, nordisk harmonikk og europeisk frijazz med ein fot fortsatt planta i Norge, utgjer grunnlaget for deira andre plate.

_
_
_