1

Ingebjørg Bratland

NY musikk og NY turné!

Som 27-åring har Vinje-bygdingen allereide ei merittliste dei fleste kan misunne. Før platedebuten hadde ho eit etablert namn i folkemusikkmiljøet. Ho er kåra nordisk meister, har vunne noregsmeisterskap i folkemusikk, og har fleire sigrar i Landskappleiken som kvedar. Ho markerte seg også sterkt med sin medvirkning på H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit sitt samlealbum «Sorgen og gleden», i tillegg til å syngje tittelsporet på Jul i Svingen-serien til NRK. I forbindelse med minnekonserten i Oslo Domkirke 30.07.2011, song ho Nordahl Grieg sin Til Ungdommen a cappella.

Ingebjørg Bratland held eit høgt aktivitetsnivå og er oppteken av å ikkje låse seg i ein definert sjanger. 2018 ga fokus til salmeprosjektet «Til alle tider» saman med Espen Lind. To vellukka turnérunder - 35 konsertar, primært i kyrkjer, som tilsaman blei sett av omlag 15.000 besøkande! I tillegg til utgjeving av det heile på plate og digitalt.

2019 har også blitt brukt til å skrive og spele inn ny musikk. Det betyr at ho i første halvår av 2020 vil gjennomføre ein ny Noregsturné samt utgi ny musikk! Første smakebit kom 8. november – låten heiter «Di Ingebjørg», fulgt av eit album i månadsskiftet januar/februar.
Ho opplever stor interesse for sin musikk, og nærmar seg pr i dag 50 millionar streams på Spotify. Det nye materialet er skrive av henne sjølv og produsert av av Espen Lind og Geir Hvidtsten. Stilmessig ligg det nye materialet i landskapet mellom country, folk og pop.

Billettar til Ingebjørg Bratland

  1. Lau 22. feb kl 19:00 Konsertsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_