2

Ingebjørg Bratland

Ingebjørg Bratland er godt forankra blant nye og tradisjonelle musikkforbrukarar.

25 millioner streams av hennar katalog, samt 40.000 solgte cd’ar av Månesinn er klar tale! 70 utselde konsertar på siste turné talar vel og for seg sjølv. Det er ingen overdriving å kalle artisten frå Vinje for ein aldri så liten popsensasjon. 6. oktober slapp ho også sitt fjerde album, “Hjarteskjell”, til strålande meldingar. Musikknyheter ga albumet 9/10 og skreiv: "Hjarteskjell er et sterkt album og et høydepunkt i plateåret 2017. Herlig musikk som bringer lune toner til høstmørket». Kva er vel betre enn å bruke tida til førebuande lytting, for så å glede seg til ei fantastisk konsertoppleving? Ingebjørg Bratland skal ut på ein svært omfattande turné, noko ho gler seg til: ”No skal eg snart ut på vegen att! Kjenner det kriblar bra etter ei lang pause. Noko av beste med å gje ut ny musikk er å reise på turné. Og ikkje minst at eg no har endå fleire songar å velge i! Gler meg til å pakke kofferten for å ut å fylle alle dei flotte konsertsalane rundt om med både nye og songar dei har høyrd før! Håpar de vil dele kvelden med meg!”, seier ho sjølv.

For det er ingen live-debutant vi har med å gjere her; Bratland har evna å bergta sin konge, sitt publikum og sine anmeldarar med si klare, sterke stemme, ekte fremføringar og fengande låtar. Det kan vere lurt å sikre seg billett tidleg (ho spelar stort sett for fulle hus i heile vårt langstrakte land), men så er det berre å glede seg til vårens musikalske hending! 

_
_
_