Jonathan Kreisberg Quartet - support: Norvald Dahl / Colin Stranahan

Jonathan Kreisberg vitja også Fosnavåg konserthus i 2016

Ved å kombinere ein tidlaus melodi med framtidsretta linjer og teksturar held Jonathan Kreisberg sin musikk fram dem å tiltrekke seg eit større internasjonalt publikum. Hans komposisjonar har blitt framført av hans banebrytande kvartett over fem kontinent. Som gitarist har hans lyd og teknikk påverka neste generasjon av musikarar, og han held fram med å studere og pushe utviklinga av instrumentet innanfor jazzgeneren. 

Jonathan har leia ulike grupper, inkludert namn som Larry Grenadier, Bill Stewart, Gary Versace, Will Vinson, Kevin Hays, Mark Ferber, Matt Penman og Scott Wendholt blant andre. Han har gitt ut fem kritikarroste cd-ar på Criss Cross og Mel Bay Labels, samt Trioing, Shadowless, One (hans første solo gitaropptak) og Wave Upon Wave på hans eige label New For Now Music.

Til Fosnavåg kjem han med sin faste kvartett:
Martin Bejerano – piano
Matt Clohesy – bass
Colin Stranahan - trommer 

Oppvarmingssett m/plateslepp: "Norvald Dahl with Colin Stranahan"

Pianist Norvald Dahl møtte trommeslager Colin Stranahan for fyrste gong i 2015 då dei spelte saman på workshop i Brooklyn. Det oppstod ein umiddelbart "musikalsk kjemi" mellom dei, og dei har holdt kontakten sidan. Sommaren 2019 tok dei turen til Fosnavåg konserthus for å spele inn plate saman! Dette er ei innspeling utanom det vanlige, som kun brukar flygel og trommesett, nokre få mikrofonar, Meyer Sound- "Constellation system", og to kreative venner som er glade for å spele saman. Låtmaterialet er komponert av Dahl, og setter melodi og stemning i fokus! Ellers får vi høyre mykje improvisasjon og glimrande samspel mellom dei to herrane Dahl & Stranahan.

Norvald Dahl er frå Fosnavåg og har vitja Konserthuset fleire gongar med sine eigne prosjekt og som ´sideman´ med bla. Wayne Brasel group. Han er nyleg utdanna ´Master i jazzpiano frå Norges Musikkhøyskole´, og gir no ut sitt tredje album i eige navn. Dei to siste platene er spelt inn i Fosnavåg Konserthus og bruker det unike klangsystemet her. Dahl har allereie fått merksemd i internasjonal presse, og han blir spennande å følge med på framover.

Colin Stranahan er frå Denver-Colorado og ein av dei mest nytta jazz-trommeslagarane på New York-scena. Han har spela med ´stjerner´ som Herbie Hancock, Joni Mitchel, Sting, og John Scofield, for å nevne nokre. Colin turnerer verda rundt og har vitja Fosnavåg før saman med Jonathan Kreisberg. I denne samanheng får vi høyre Stranahan med stort spelerom for improvisasjon og utfoldelse på instrumentet. Vi veit at han allereie har lagt sin elsk på det fantastiske klangsystemet i Fosnavåg Konserthus, og det blir ei oppleving å høyre Stranahan saman med Dahl i denne stemningsfulle duoen.

Billettar til Jonathan Kreisberg Quartet - support: Norvald Dahl / Colin Stranahan

  1. Søn 29. mar kl 19:00 Konsertsalen Akustisk programserie Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_