2

Kjetil Mulelid trio

"Best of the year" - Jez Nelson, Jazz FM (UK)

 Kjetil Mulelid Trio slapp si debutplate «Not Nearly Enough to Buy a House» seint i 2017 på det prestigetunge norske plateselskapet Rune Grammofon, med sitt rykte for å handplukke noko av det mest interessante innanfor skandinavisk jazz, eksperimentell- og improvisasjonsmusikk.

Trioen har vore svært positivt omtalt i magasin som «The Wire» og «The New York City Jazz Record», og blei av Jez Nelson omtalt som «Best of the year" i den britiske radioen Jazz FM. De tre medlemane er utan tvil nokon av dei mest interessante av Noregs jazzmusikarar, med fjorårets spelemansvinnar Bjørn Marius Hegge på kontrabass, spelemannsnominerte Andreas Winther på trommer, og pianist Kjetil Mulelid, kjent frå andre prosjekt som Wako og Kjemilie. Saman dannar dei ein klassisk, akustisk pianotrio med fokus på Mulelid sine energiske og harmonisk rike komposisjonar med vakre melodiar, og komplekse rytmer. Trioen innbefattar følelsen av ro og ei utfoldande tekstur og lydverd i sin musikk, men dei er heile tida i eit intenst samspel der improvisasjon tar musikken vidare til eit knutepunkt mellom dei tre musikarane sine ulike musikalske erfaringar.

Billettar til Kjetil Mulelid trio

  1. Lau 9. nov kl 19:30 Konsertsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_