1

Kongens hagefest

I bakhagen på Herøy Gard fyrer Bogne Breseri opp grillane og Vyjar spelar opp med levande musikk.

Dei som fekk med seg historias aller første hagefest i fjor, veit at det vart ein kveld for historiebøkene. Det vart det høgdepunktet og møtepunktet ein håpte på. Og i år inviterer «Kongens Ring» til ny hagefest.

Vi huskar grillane og luktene, gode smakar i lang rekke på kvit duk, berre til å plukke og nyte utover kvelden.

Sola som leverte dagens siste strålar over festen før mengder av lykter i trea tok over lyssettinga.

Og glade folk og gode samtalar i lag med musikken frå Vyjar med Vegard Voldsund, Arve Voldsund, Yngve Sævik, Rune Sævik og Jonny Sævik Leikanger.

For 400 kroner får du gomle og maule, nippe og nyte grillmat så mykje du vil. Det er 18 års aldersgrense og sal av diverse drikke til maten.

Vi opnar bakhagen klokka 18.30, rett etter siste forestilling og held fram til klokka 00.30, men båten til Mjølstadneset og bussen til Stokksund går heile kvelden.

_
_
_