1

Konsert med Adrian Helde

Adrian Helde inviterer til det som lovar å verte ein kveld verd å hugse på Fosnavåg konserthus

Er du av typen som lett identifiserer deg med visesong og folkeleg rock, eller kanskje berre likar og lene deg attover å lytte til lyriske tekstar og melodisk historieforteljing? Då er denne konserten noko for deg.

Adrian Helde har i løpet av dei siste åra vorte eit namn lokalmiljøet i Herøy har lært å kjenne, mellom anna gjennom dei tallause spelejobbane 20-åringen har hatt i høve kulturelle tilstellingar i kommunen. I fjor vann remøyværingen også ungdomens kulturpris for hans breie kulturelle engasjement.

Dei som kjem til Fosnavåg konserthus for å høyre Helde spele, kan vente seg alt i frå «lokalhistorie, til verdsfamnande diskusjonar», som artisten sjølv seier. Med eit mål om å syne folk sitt uttrykk og sin musikk, byr Adrian på både sjølvskrivne låtar, og tekstar han har sett melodi til, alle på morsmålet. Som om dette ikkje var grunn nok til å ta turen, har Adrian også fått med seg eit knippe eminente lokalmusikarar som vil akkompagnere han. Narve Lied spelar leadgitar, Glenn Huldal spelar bass, Linda Eidem som korist, og bak trommene finn vi Paul Sindre Tarberg.

Kom og høyr lokale krefter i sving på Fosnavåg Konserthus den 19. oktober.

_
_
_