Korgafest med fiskarkona og døtrene hennar

Denne kvelden vekkjer forteljar Guri Aasen i Vestafor Måne, i søsterleg samspel med fiolinist Andrine Longva Kopperstad og Herøy sanitetsforeining, til live ein kulturtradisjon frå før i tida i Fosnavåg, nemleg Korgafest på Høgtun.

I det høvet vert forteljeframsyninga "Fiskarkona og døtrene hennar. Eit hundreåring kvinneminnealbum" framført for å markere at det er 10 år sidan Herøy kommune tinga prosjektet som lekk i kvinnesatsinga Herøyløftet. Og ingen dag høver vel betre til ei slik markering enn nettopp «gudskjelovkvelden» før Den internasjonale kvinnedagen.

- Kven hadde ho vist seg å vere tru, skulptør Tore Bjørn Skjølsvik si fiskarkonestatue på Vågsplassen, om ho kunne tre ned av sokkelen og fortelje oss om livet sitt?

Dette er inngangsspørsmålet i framsyninga, der vi møter eit utval av kvinnene - og borna - som i hundrevis av år utgjorde mottaksapparatet for foredling av havets grøde i Herøy.
Gjennom ord og tonar ber Guri og Andrine fram minneforteljingane til fiskarbonden og tenestetausa, budakokka og kverkejenta, klippfiskkjerringa og hermetikkarbeiderska. Desse som - ofte på hardt akkordarbeid - ikkje vørde at ryggen jamra og fingrane vart hovne og hudlause.

Forteljingane vaks fram gjennom leiting Guri gjorde i lokalhistoriske kjelder og samtalar ho i 2010 hadde med menneske i alderspennet 48 – 104 år, alle med solid handlingsboren kunnskap.

Etter framsyninga vert det utlodding av dei herlegaste fruktkorger til inntekt for sanitetsforeininga, omlag slik dette gjekk føre seg her i Bergsøy frilynde ungdomslag si storstove på 1950-talet. Slik skildra i framsyninga:
«Kjekkare tilstelling enn korgafestane fanst ikkje! For å samle inn pengar til ungdomslaget, hadde Inger, Kjellrun, Edel og åtte - ti jenter til pakka pappøskjer inn i grønt og raudt glanspapir, pynta dei med fletta kreppapirremser og deretter fylt «korgene» sine med heimebaka havrekjeks, løfser og frukt som dei tigga til seg på butikkane. I kveld, på korgafesten, skulle så delikatessene på auksjon!»

Etter auksjonen svinga festlyden seg ofte til tonane frå Bassar sitt trekkspel. Og han som hadde høgste bodet på ei korg, fekk også fyrste dansen med ho som korga hadde laga.
Denne kvelden syter Herøy sin trekkspelvirtuos Nasko Nikolaev for den musikalske nostalgien med eit knippe av Arthur « Bassar» Frantzen sine trekkspelperler.

SERVERING: Sanitetskvinnene sel sveler, kaker, kaffe, te og mineralvatn.

FØREHANDSTINGING AV BORD: Tlf. 936 06 715

ANTAL PLASSAR: 70

BILLETTSAL I DØRA: Kontant,Vipps og kortterminal.

Arrangementet er støtta av Olympic kulturfond og kulturavdelinga i Herøy kommune.

Billettar til Korgafest med fiskarkona og døtrene hennar

Vis hele programmet
_
_
_