Kulinarisk kino - Smaken av Toscana

Fosnavåg kino og Thon hotell Fosnavåg inviterer til kulinarisk kino med 3-retters middag og ei filmperle

Vi riggar til konsertsalen med runde bord og kvite dukar. Det blir servert bobler ved inngangen og vi startar med ein presentasjon av filmane som skal visast under Filmperlefesten.

Ein 3-retters middag vil bli servert i løpet av filmen og kveldens meny blir offentleggjort ganske snart

SMAKEN AV TOSCANA
Francesco Falaschis nydelege komedie tar oss på ein kulinarisk biltur til Toscana, som kulminerer i ein konkurranse for unge kokkar. Arturo (Vinicio Marchioni) er ein av Italias mest anerkjente kjøkkensjefar, men med et «mindre» sinnshandteringsproblem. Etter eit kort opphald i fengsel blir han tilbudt og utfører samfunnsteneste på ein skule for tenåringar med Asperger.

Hans studentar er ivrige etter å lære, spesielt Guido (Luigi Fedele), en ung mann som hugsar kvar einaste ingrediens i kvar oppskrift. I begynnelsen ser Arturo på Guido som ein stor forpliktelse, men gutens entusiasme for mat tenner fort gnisten hos mentoren. Arturo forsinkar derfor flyttinga til Milano for å lage mat i ein elegant restaurant då muligheta oppstår, for heller å følge Guido til konkurransen i Toscanas hovudstad.
Overraskande nok er det eit faktum at juryens president er Daniel Marinari (Nicola Siri), Arturo's ex-samarbeidspartnar og mannen Arturo ser på som ansvarleg for sine tidlegare problem som førte han i fengsel. Mens Arturo konfronterar si fortid og Guido står ovanfor konkurransepresset, utviklar dei eit oppriktig godt venskap som gjer at dei begge føler på sine verdiar.

Salget startar 11. juni kl 0900

Vi viser ei filmperle kvar dag resten av denne veka. Her er lista:
Onsdag 19. Mellom linjene (Frankrike)
Torsdag 20. mid90s (USA)
Fredag 21. Kjærlighetens sesonger (Irland)
Laurdag 22. Claire Darlings siste påfunn (Frankrike)
Søndag 23. Kapernaum (libanon)

Skuespillere Vinicio MarchioniValeria SolarinoLuigi FedeleNicola SiriMirko FrezzaBenedetta PorcaroliGianfranco GalloAlessandro Haber Regi Francesco Falaschi Premiere 18.01.2019

Billettar til Kulinarisk kino - Smaken av Toscana

  1. I morgon kl 19:30 Konsertsalen ALLE Filmperlefest Slutt 21:16 Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_