Opning av filmperlefesten Kulinarisk kino - The Lunchbox

Fosnavåg kino og Thon hotell Fosnavåg inviterer til kulinarisk kino med 3-retters middag og ei filmperle.

Vi riggar til konsertsalen med runde bord og kvite dukar. Det blir servert bobler ved inngangen og vi har invitert filmvitar Kalle Løchen til å sei litt om kveldens film og dei andre filmane som skal visast under filmperlefesten. 

Ein 3-retters middag vil bli servert i løpet av filmen og kveldens meny er:

  • Soyaglasert laks servert over grønn salat med sesamfrø
  • Heilgrilla Entrecote med krema soppsaus, råsteikte poteter, pure av røkt gresskar og bakte grønnsaker 
  • Creme brulee med vaniljemarinerte skogsbær.

Filmen The Lunchbox

Ein feillevert lunsjboks knyt to framande saman midt i Mumbai sitt menneskehav.

"The Lunchbox" er ei sjelden filmperle som har begeistra eit stort internasjonalt publikum med sin orginalitet og varme.

Bare ein av ein million lunsjbokser i Mumbais 120 år gamle lunsjbokssystem blir levert til feil adresse. "The Lunchbox" er historia om denne eine feilleveringa. Saajan, spelt av Irrfan Kahn, kjend frå kritikarroste filmar som Slumdog Millionaire og Life of Pi, er klar for å reise frå Mumbai, byen som har gjort håret kvitt og knust draumane hans, då han får ein lunsjboks med ein lapp frå Ila, ei ung husmor frå den konservative middelklassen. Gjennom den nydelege maten og lappane i lunsjboksane bygger dei opp eit forhold og ei fantasiverd som ly mot sitt eige kvardagsfengsel og Mumbai sine travle gater. Ei fantasiverd så forlokkande at den truer med å ta over for deira verkelege liv.

Prisen på kr 495,- dekker både middag og film

Kalle Løchen

Kalle Løchen har bakgrunn som filmvitar og kulturformidlar. Han har skreve i og vore redaktør for tidsskrifta Z og Film&Kino. Han har vore kinosjef i Bærum og leiar av Cinemateket i Oslo. Han har også vore kortfilmkonsulent ved Norsk Filminstitutt og konsulent for Midtnorsk Filmsenter. Ellers er han mykje brukt som forelesar og moderator på seminarer og festivalar. Han jobbar no som filmkonsulent i Viken filmsenter som er eit regionalt filmsenter for fylkeskommunane Akershus, Buskerud, Vestfold, Østfold og Oslo kommune. 

_
_
_