1

Leikong blandakor: "Disney på vår måte"

Musikk frå film og musikalar

Leikong Blandakor med dirigent Kjetil Eiksund, eigne solistar, lokale musikarar, lokale dansarar og regi av Dagfinn Olav Bye.

Velkomne til det ultimate show, der ein presenterer songar og musikalar frå DISNEY; THE HUNCHBACK OF NOTRE DAME – BEAUTY AND THE BEAST – LITTLE MERMAID – ALADDIN – PRINCE OF EGYPT – THE LION KING – HERCULES – VAIANA – 101 DALMATINERE – POCHAHONTAS - AIDA, og fortel historier frå dei eldste tider og fram til i dag. Her møter ein lokalt stjerengalleri i form av koret sine eigne solistar, lokale musikarar, lokale dansarar – alt sett saman i stram regi av regissør Dagfinn Olav Bye.

Leikong Blandakor vart stifta i 1970 og har i dag 23 medlemmar frå Leikong og nabobygder i Sande og Ulstein. Koret har gjennom si nesten 50 årige historie fleire gongar skapt sjåverdige show der tema har vore mange og ulike; frå musikalmedleyar via jazz til heimleg litteratur på nynorsk.

Showet vil garantert ha ein svært høg gjenkjenningsfaktor for publikum i mange aldrar. Set av kvelden 26. oktober saman med Leikong Blandakor på Fosnavåg Konserthus.

_
_
_