1

Magi- og fantasioperatørene

En eksplosjon i magi og moro

Alt kan skje når vi lagar teater for barn - heilt utan manus! Like morsomt for vaksne som for born, så ta med mamma og pappa og stemor og naboen og tante og lillebror og ein tremenning du ikkje har sett på ei stund. Rett og slett heile gjengen!

Noregs beste improvisatørar er invitert til å lage teater av - det meste. Med utgangspunkt i ting dei finn i skuffar og skap, flygande rundt i romet eller med gode idear frå born i salen, improviserer Magi- og fantasioperatørane fram historiar, rett framfor nasen din.

Alt kan bli til teater og kanskje det er nettopp di historie som hamnar på scena?

Magi- og fantasioperatørane er ei spinnvill framsyning for heile familien - med masse humor, tøys og tull!

Velkomen til ein klin kokos kveld på teatret!

Billettar til Magi- og fantasioperatørene

  1. Fre 18. okt kl 18:00 Konsertsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_