Mari Boine

Spellemannprisen sin heiderspris gjekk i år til Mari Boine! No kjem ho endeleg til Fosnavåg!

Under Spellemannprisen i februar 2018 blei Mari Boine tildelt den høgthengande Hedersprisen, og gjekk på scenen under øredøvande jubel og trampeklapp som ingen ende ville ta. Det var som taket på Oslo Konserthus løfta seg, noko som illustrerer kor fortent denne prisen var. I ein alder av 61 år har Mari Boine ein styrke og ein karisma som er ei superstjerne verdig, og energien, arbeidslysten og pågangsmotet til ein 20-åring. Sidan debuten for over 30 år sidan har ho levert ein uvanleg innhaldsrik diskografi, og bidratt til å spre vår felles kulturarv over heile verda. Dette arbeidet er ho blitt hedra for  med m.a. Spellemannsprisar, Rockheim Hall of Fame, Nordisk Råds Musikkpris, Samerådets Ærespris, Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden, Anders Jahre’s Kulturpris, utnemning til statsstipendiat og mykje, mykje meir.

Dette er den første turnéen der Boine samarbeider med trioen Klangmark. Trioen består av Ole Jørn Myklebust (trompet, elektronikk m.m.), Håvar Bendiksen (gitarar) og Hallgrim Bratberg (gitarar). Ole Jørn har jobba tett med Boine dei siste 13 åra som medlem i bandet, samt som komponist og produsent. Du har kanskje også sett han på scenen med Jonas Fjeld eller Unni Wilhelmsen. Håvar sitt magiske strengespel har du garantert høyrt dersom du har oppsøkt ein konsert med Halvdan Sivertsen, Silje Nergaard eller Susanne Lundeng dei siste 10 åra. Hallgrim Bratberg har også turnert ei årrekke med fleire av Noregs finaste songarar og låtskrivarar, m.a. Kari Bremnes, Silje Nergaard og Anne Grete Preus. Saman har dei skapt trioen Klangmark, der dei utforskar eit akustisk lydlandskap som kler Boine sitt magiske musikkunivers. Bak miksepulten vil den fabelaktige lydkunstnaren Øystein Karlsen sørge for ein kveld med lydleg silkeføre.

Saman vil desse formidle Mari Boine sine finaste låtar frå heile hennar karriere, helt frå Gula gula og fram til dei siste utgjevingane. Vi garanterer at dette blir ein nytelse for øyret.

_
_
_