Memorabilia: Mats Eilertsen trio + Trio Mediaeval

Memorabilia blei spesialskreve i 2016 for Trondheim JazzFestival.

Mats Eilertsen (f.1975 Trondheim) er ein svært aktiv musikar og komponist og har etter studietida på Jazzlinja reist og spelt verda rundt med eit stort antall artistar som Tord Gustavsen, Bobo Stenson, Håkon Kornstad, Trondheim JazzOrkester, Solveig Slettahjell, The Source m.a.

Mats Eilertsen Trio i møte med det unike vokalensemblet Trio Mediaeval.

Memorabilia, - gjenstander, episodar og hendingar som er minneverdige -,

Basert på tradisjonelle messe-tekstledd, og tekstar frå Tor Ulven, samt reine instrumental parti. Tor Ulven sitt forfatterskap er prega av ei kretsing rundt temaer som død og forgjengeligheit, samtidig som hans originale bildebruk strekar under eksistensen sine magiske kvaliteter.

Om Tru. Tvil. Tid. Løsøre.

Kva samlar vi opp og kva sit vi eigentleg igjen med av viktige minner, ting, hendingar i løpet av eit liv? Hugsar vi og vektlegg vi dei same ting og hendingar? Kva betyr eigentleg noko til sjuande og sist?

Mats Eilertsen har gitt ut 7 album i eige namn der 2 stk med Mats Eilertsen Trio, ”Elegy” (2010) og ”Sails Set” (2013) til glitrande meldingar. Kom i 2016 ut med ”Rubicon” for ECM, musikk for 7 musikarar, opprinneleg skreve til VossaJazz i 2014. Nominert til Spelemannsprisen. Med Mats Eilertsen Trio har dei dessuten akkurat spelt inn nytt materiale til album for ECM klart til utgjeving vinteren 2019.

Mats og Thomas har vore parhestar og spelt saman i svært mange ulike sammenhenger sidan de møtte kvarandre på konservatoriet i Trondheim på midten av 90-talet, band som Food, Maria Kannegaard Trio, Parish, Turanga m.m. 

Den begåva pianisten Harmen Fraanje møtte Mats då han ei tid budde i Nederland og dei har sidan holdt kontakt og spelt saman ofte sidan i diverse samanhenger.

Trioen har mange klanglege fasettar, men insisterer ofte på det neddempa og tidvis stillferdige med klingande klangar, i klaver, bjeller og gongar eller i dei djupare registra av bass og djupe perkusjonsinstrument. Det er passasjer med refreng-følelse, syngande, lett klagande soloparti i kontrabass, meir messande monotont og smått storslagne parti, sonateliknande pianopassasjar.

For oss handlar det om å skape ein trio med eit sound der vi alle tre saman er likeverdige medlemmer og stemmer som bytter på å vere i fokus, vere melodibærarar, lydskaparar, premissleverandørar, forteljarar og initiativtakarar, samt variere oss i mellom kvar vi ligg i lydlandskapet.

Pressen om Mats Eilertsen Trio:
- kombinerer en løs og åpen stil med oppfinnsomme detaljer
- har både repertoir, individuelle/kollektive ferdigheter og ditto egenart til å bli et favorittband på klubbscenene både i og utenfor Norge
- I rarely award 5 stars but Sails Set is so intelligently crafted and beautifully destilled that it is nigh on perfect
- Music with a meditative quality, still with risktaking
- An unspoiled, sweet record. The sound is intense and open, also caused by the spontaneous, wild improvisations. Eilertsen plays creative, flitting and frolicking and shows us his compositional and lyrical talent

Trio Mediaeval har eksistert sidan 1997 og har gitt ut ei rekke album på det tyske plateselskapet ECM. Nyaste album Rimur ute no i 2017, i samarbeid med Arve Henriksen.
Dei held konsertar og har vakt begeistring over heile planeten med sin unike kombinasjon av sakrale, monofone og polyfone klangar med repertoir frå middelalderballader til spesialskrevne stykker frå samtidskomponistar. Dei samarbeider jevnleg med ulike musikarar og komponistar som Arve Henriksen, Garth Knox, Sinikka Lageland, Gavin Bryars, David Lang. No aktuelle med albumet ”Rimur”, i tillegg til fantastiske musikalske bidrag til bl.a Paul Sorrentinos film ”Youth”

Billettar til Memorabilia: Mats Eilertsen trio + Trio Mediaeval

Vis hele programmet
_
_
_