1

Mike Stern & Jan Gunnar Hoff Group

Amerikansk gitarlegende med norsk supergruppe!

Mike Stern har vært kåra av Down Beat som ein av dei beste jazzgitaristane gjennom tidene og har fartstid frå m.a Blood, Sweat & tears, Billy Cobham og ikkje minst Miles Davis. Stern har vore nominert til US Grammy Awards 6 gonger og blei i 2012 tildelt ein såkalt “Certified Legend Award” av Guitar Player.

I dette prosjektet møter Stern kremen av norske jazz- og fusion-musikarar:
Jan Gunnar Hoff, tangenter
Audun Kleive, trommer
Per Mathisen, bass
Thor-Ivar Lund, lyd.

Den norske kontingenten i bandet har «creds» frå prosjekt med folk som Alex Acuna, Gary Husband, Ulf Wakenius, Bill Bruford, Terje Rypdal, Pat Metheny, Maria Joao, Denada.

I mars 2018 gjorde Mike Stern & Jan Gunnar Hoff Group ein ny turné i Noreg, her frå Oslo-omtalen:
https://torhammero.blogg.no/1520166598_varmt_og_hipt.html

Albumet Jan Gunnar Hoff Group feat. Mike Stern kom ut i november 2018 på Losen Records.
Downbeat: “Hoff ´s album with Stern ´s formidable help, organically crosses over eras and transatlantic aesthetics, bridging a division in fusion».

Alle anmeldelser:
https://jangunnarhoff.no/music/jan-gunnar-hoff-group-feat-mike-stern/

Mike Stern & Jan Gunnar Hoff Group turnérer i Noreg og utlandet i perioden 22.april til 16.mai 2020, med musikken frå dette kritikarroste albumet og kjem altså til Fosnavåg konserthus 28. april!

Billettar til Mike Stern & Jan Gunnar Hoff Group

  1. Tys 28. apr kl 20:00 Konsertsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_