1

Musikalske landskap: Ole Edvard Antonsen m/band og Fjord Cadenza festivalorkester

Ole Edvard Antonsen med eige band og og stort, internasjonalt Fjord Cadenza festivalorkester.

Årets samarbeid med Fjord Cadenza er det store festivalorkesteret saman med Ole Edvard Antonsen og hans faste band.

Han har med seg konstertversjonen av «Musikalske landskap». Her tar han publikum med på ei reise gjennom ei rekkje musikalske stemningsbilete i ulike sjangrar. På ein unik måte viser Antonsen den store musikalske breidda han har. Musikken, som han har komponert sjølv, er prega av både rytmiske og stemningsfulle tonar. Delar av repertoaret er tatt frå hans tidlegare CD-innspeling, «Landscapes», som kom ut i 2007, vann gulltrofé og passerte 20 000 selde eksemplar.

Antonsen er opptatt av at publikum skal sjå musikken på sin eigen måte, og utan at andre skal trenge på med ei bestemt sinnsstemning. Han fører publikum gjennom konserten med ein lun, personleg og humoristisk dialog for å hjelpe dei med å finne sine eigne meiningar.

Festivalorkesteret er toppmusikarar handplukka frå ei rekkje leiande orkester rundt om i verda som vert sett saman til eit orkester på topp internasjonalt nivå. Den talentfulle Akkordeon-solisten Mathias Rugsveen vil også delta på konsertane.

Ole Edvard tek i tillegg til orkesteret med seg sitt eige band:
Eirik Berge – keyboards
Tom Erik Antonsen – bass
Per Hillestad – trommer
Dag Stephen Solberg – lyd

Billettar til Musikalske landskap: Ole Edvard Antonsen m/band og Fjord Cadenza festivalorkester

Vis hele programmet
_
_
_