3

Magne Fremmerlid og Charlotte Fangen O Helga Natt

Songarekteparet Magne Fremmerlid og Charlotte Fongen held for første gong julekonsert i Herøy kyrkje

Ekteparet har i ei årrekke hatt julekonsertar i Skodje kyrkje og i Spjelkavik kyrkje. I år kjem dei for fyrste gong også til Herøy kyrkje. Med seg har dei Bjørnar Myhr på klaver, og Vegard Kvamme Holum på trompet. Begge desse kjende og flotte musikarar frå Sunnmøre, sistnemnde fødd og oppvaksen i Fosnavåg.

Magne og Charlotte har begge bakgrunn frå Den Norske Opera i Oslo, men dei har og brei bakgrunn frå ulike musikalske sjangarar. Konserten vil innehalde perler frå den klassiske songskatten, kjende og kjære julesongar frå vår eigen juletradisjon, og ellers mykje vakkert frå julerepertoaret.

Bjørnar og Vegard vil på sitt subtile vis krydre songane slik at dette vert ein god julemiks. Noko for einkvar smak.

Billettar til O Helga Natt

  1. Tor 20. des kl 19:30 Spjelkavik kirke Kjøp
  2. Fre 21. des kl 19:30 Herøy kyrkje Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_