Ola Kvernbergs STEAMDOME
Ola Kvernbergs Steamdome har i løpet av det siste året utvikla seg til å bli eit fullverdig band.
Det Spellemannsnominerte første albumet kom ut på Grappa Musikkforlag 1.desember, og sjelden har eit instrumentalt album som dette fått like brei anerkjennelse frå musikkpressa. Ola Kvernberg og Steamdome gjer seg no klare for å innta dei store festivalscenene sommaren 2018, og legg ut på ein omfattande Noregsturne i oktober og november.
Steamdome er reindyrka perkussiv musikk. Progressiv og brutalt fremadstormande som eit løpsk tog. Livsbejaande, surrealistisk og svulmande som Sergio Leones spaghetti-westerns. Steamdome dampar av visuell energi. Musikken snor seg mellom steile klipper, enorme panorama, krappe svingar, stup og nattlandskap der det einaste haldepunktet du har, er den suggerande rytma frå eit tog som aldri stansar.
Ola Kvernberg har håndplukka eit hardtslåande maskineri av musikarar til Steamdome. Lokomotivet blir dreve framover av trommisane Erik Nylander (Mechanical Fair, Liarbird), Børge Fjordheim (Morten Abel, Sivert Høyem, Monica Heldal) og Hans Hulbækmo (Broen, Atomic, Moskus) saman med bassist Nikolai Hængsle Eilertsen (BigBang, Elephant9, Band of Gold). Forutan Ola Kvernberg sjølv på fele, bratsj m.m. sørgjer gitaristen og altmuligmannen Øyvind Blomstrøm (El Cuero, Odd Nordstoga, Stein Torleif Bjella), den nytenkande organisten Daniel Buner Formo (Trondheim Jazzorkester, Kobert, Formo Tre & Metall), lydmann Tor Breivik og lysdesignar Ingrid Skanke Høsøien for at alt går på skinner.