1

Oslo strykekvartett

Oslo Strykekvartett sitt renommé som ein av dei mest allsidige strykekvartettane har sidan starten i 1991 vore unikt forent med høg kunstnarleg standard og integritet.

Programmet vil innehalde følgjande:
Ligeti Strykekvartett nr. 1 «Métamorphoses nocturnes» (et meget fargerikt stykke musikk, på tross av den nattlige tittel)
Smetana Strykekvartett nr. 1 i e-moll «Fra mitt liv» (et selvbiografisk verk, som til og med inneholder komponistens tinnitustone som foranlediget hans senere døvhet)
Rundt omkring disse to leker vi litt med genrene, vi sier ikke mer, annet enn at vårt repertoar strekker seg fra Bach til Brubeck, fra Gammel stil til Gangnam Style...

Ensemblet sine konsertar og CD-utgivelsar har gjennomgåande fått overstrøymande mottaking frå publikum og kritikarar (m.a. Kritikerprisen 1999 og Spellemannsprisen 2013) og den særlege forbindelsen til Beethoven har resultert i skjellsettande framføringar av alle hans kvartettar, i Oslo både på 90-talet og under kvartetten sin festival Beethovenkoden i 2006.

Sentrale klassiske og nolevande komponistar blir programsett med musikk i alle moglege andre sjangrar, og unike versjonar av for eksempel Peer Gynt og Tosca gjer alle forventningar om kva ein strykekvartett kan og ikkje kan grundig til skamme.

Kvartetten har spelt regelmessig på tallause viktige arenaer, som Wigmore Hall, Carnegie Hall, Dortmund Streichquartett-festival, Risør kammermusikkfest, Oslo Quartet Series, Orlando-festivalen, Canary Islands Music Festival, osv. Men kvartetten trivast like godt i små rom der kammermusikken opprinneleg høyrer heime, og huskonserten er ofte Oslo Strykekvartett sitt viktigaste rom når publikum skal utfordrast.

Oslo Strykekvartett består av Geir Inge Lotsberg og Liv Hilde Klokk, fiolin, Magnus Boye Hansen, bratsj, og Øystein Sonstad cello.

Konserten er støtta av Norsk Kulturråd

_
_
_