1

"Så lenge skutan kan gå" - Herøy mannskor

Herøy Mannskor ønskjer sitt publikum velkomne til ein ny visekveld fullspekka med viser dei fleste vil dra kjensel på.

Dei letter anker, og kursar for mange havner rundt om på kloden.
No er dei ikkje racerar på mange språk, og dei fleste er i ein slik alder at dei trivast best med det norske språket, men litt engelsk går også bra, og mange framandlandske songar har også fått norsk tekst.
Mange av koristane hiv seg ut på "djupt vatn» som solistar, då er komfortsona langt unna, men alle gjer ein kjempeinnsats!

Dei har denne gongen alliert seg med Nina Bøe som regissør, og kva ho greier å få ut av koret er det ingen som veit enno….
Spennande blir det i alle fall, og vi trur både unge og eldre vil finne interesse i dette programmet

Husorkesteret er det same som sist.
Vi røper ikkje meir.
Velkomen til ein triveleg kveld saman med Herøy mannskor.

Billettar til "Så lenge skutan kan gå" - Herøy mannskor

Vis hele programmet
_
_
_