1

Solveig Slettahjell

Solveig til Fosnavåg med eit rikhaldig repertoar og lokale songarar

Solveig har brukt tid ved pianoet. Ho har gjort eit nøysomt utval frå sitt rikhaldige repertoar som finn ny og dynamisk form i dette formatet. Her er jazzklassikarar, Leonard Cohen, Tom Waits og fleire av Solveig sine eigne låtar, også nokre nyskreve til dette prosjektet - passe eklektisk, slik det må bli når ein utøvings-orientert artist som Solveig bestemmer.

Solveig kallar det sitt urformat; det var her ho starta som 9-åring, og det er her ho arbeider og gjer brorparten av øvinga si, låtskriving og arrangering. Ho har brukt dette formatet ved fleire høve, dei har m.a. skapt nokre sterke TV-øyeblikk, men no har ho altså endeleg jobba ut ein heilaftens konsert der ho sjølv definerer det heile. Ho har invitert med seg trommeslagar Pål Hausken på nokre låtar og, til alt overmål, eit lokalt kor på m.a. Cohens Come Healing, ein gamal 70-talls gospelklassikar og Gnarls Barkley sin gamle låt Crazy. «Eg elskar å gjere dette - det er avkledd og krutt på same tid.», seier Solveig.

Det lokale koret består av:
Emma Sævik
Elise Breivik
Marte Grønvold Nilsen
Kaja Rekkedal
Henrik Hjorthaug Halle
Henrik Solheim Stave
 

_
_
_